spilleplan
04. februar:Vardåsen kirke, Borgen
14. mai:Heggen kirke, Modum
31. mai:Lommedalen, Bærum
Nyttårskonsert i Åram kyrkje
Nyttårskonsert i Åram Kyrkje i Vanylven.

Den 29. januar kl. 15.00 er det nyttårskonsert i Åram kyrkje. Musikk ved kyrkjemusikarane i Vanylven og Selje, Håvard Svendsrud og Jon Inge Sigerland. På programmet står mellom anna musikk av Franz Liszt, Johann Sebastian Bach, Vaclav Trojan og Edvard Grieg. Publikum får høyre trekkspel, orgel og klaver av lokale kunstnarar på internasjonalt nivå.

Det er i år to hundre år sidan den ungarske pianovirtuosen og komponisten Franz Liszt vart fødd. Liszt-året skal markert verda over heile dette året, og i Åram kyrkje vert det Sigerland som skal gje si tolking av den legendariske komponisten.

Musikarane Svendsrud og Sigerland har samarbeida om ei rekkje konsertar dei siste femten åra. Særleg kjende er dei for samarbeidet omkring framføringar av konsertsuiten Pohadky av den tsjekkiske komponisten Vaclav Trojan. Då dei to musikarane spela i Oslo Konserthus for eit år sidan, stod dette verket på programmet. Konsertopptak frå Sigerland og Svendsrud sine konsertar i fjor vart sendt både i NRK og Sveriges Radio.

Håvard Svendsrud kjem også til å spele musikk frå sin nyaste CD ”Klassisk på trekkspel” når han saman med sin gode kollega vitjar Åram kyrkje den 29. januar. Arrangørane vonar at svært mange vil finne vegen til vakre Åram kyrkje denne ettermiddagen.

Åram sokneråd er arrangør og byd på kaffi og mat etter konserten.

EKSTRAFERJE FRÅ KVAMSØY OG VOKSA.

GRATIS inngang! Kollekt ved utgangen.

Konserten gjennomførast i samarbeid med: Vanylven kommune, Vanylven kyrkjelege fellesråd og Norilds Musikk.