spilleplan
13. oktober:Jølster, Sogn og Fjordane
Pressemelding. Ny CD "Håvard Svendsrud spelar Per Bolstad"
Håvard Svendsrud med gammaldans på ny CD:
Per Bolstad i Ålesund var Norges største slåtte-komponist

Ålesunds Per Bolstad (1875-1967) komponerte 600 melodiar og er rekna som landets største slåttekomponist. No har trekkspelvirtuosen Håvard Svendsrud spela inn 15 Bolstad-slåttar på ei ny CD-plate frå Norilds Musikk på Sjøholt.
- Dette er rett og slett kvalitetsmusikk i sin stil, seier Svendsrud som tidlegare har spela inn plater med både klassisk og populærmusikk.
Per Bolstad levde mesteparten av sitt liv i Ålesund, men var også ei tid på Vartdal. Han spelte fele og hadde sitt ensemble som var fast innslag i radioen på 40-50-talet. Han var også ein flittig gjest rundt på spelemannstreff og underheldt både på konsertar og baud opp til dans med ensemblet sitt.

Melodititlane avspegla også at han var ein reisande spelemann, ”En aften på Grotli”, ”Hilsen til Vågå”, ”Sommerkveld på Videsæter”, ”En aften på Erdal”, ”Moldenserpolka” og ”Stryningen” er typiske eksempel. På den nye plata er sjølvsagt storslageren ”Fagre Stryn” med på repertoaret.
- Det er på tide å slå eit slag for Bolstad-musikken, seier Kjell Opsal i Norilds Musikk. Ålesund har vore altfor beskjeden når det gjeld å framheve og bruke denne toneskatten. Her er så uendeleg mykje å ta av. Vi håper å få til konsertar med denne rike slåttetradisjonen både i byen og ute på bygdene utover hausten. Norild planlegg også utgjeving av eit notehefte med eit 50-tals Bolstad-slåttar, opplyser han.

Per Bolstad hadde sine sorger i livet. Han blei blind i ung alder og berre 32 år gammal døydde sonen Per som blei karakterisert som det største fiolintalent sidan Ole Bull. Håvard Svendsrud (34) som er busett i Oslo har eit internasjonalt namn som musikar med bl.a. konsertoppdrag i Russland, Amerika og England. I orkesteret på Bolstad-plata har han med fele, bass og gitar pluss av trekkspelveteranen Rolf Nylend medverkar på eit par spor. Han var aktiv radiomusikar på 50-talet og fekk då brev frå Per Bolstad som uttrykte stor begeistring for korleis han tolka den gamle dansemusikken.

Kontaktpersonar:
Håvard Svendsrud, tlf. 905 51 325
Kjell Opsal, Norilds Musikk: 926 23 006

Pressemeldingen kan lastes ned som PDF her.